2014.jpg

Aprima Nytt - Oktober 2011

Månadstilbod -  Aprima spraylim

 Dei fleste kjenner denne limen, som er like godt eigna til liming av skumplast, som til å lime tekstil på ulike overflater.

Aprima spraylim varenr 8406490,

NB: Boksar à 500 ml

 Spesial pris pr. boks v/heil kart. à 12 boksar, kontakt kundeservice for pris.

 Tilbodet gjeld t.o.m. 28.oktober.


Utpakning i Oslo veke 43

 Det blir utpakning på showromet vårt i Fredrik Selmersvei 2 (same lokale som VAD AS) i Oslo, 25.-27.oktober.

 Her vil vi m.a. lansere våre nye møbelstoff:

  • Tyrifjord
  • Flisfjord

 Ta kontakt med selgar eller kundeservice for å avtale tid.

  

Med vennlig hilsen

Elling O. Rem

Aprima Nytt - Juni 2011

Ferieavvikling

Vi har feriestengt i veke 29 og 30, samt redusert bemanning i heile juli og august. Dette kan medføre lenger behandlingstid på ordrar og forespørslar.

Mange av våre leverandlørar har feriestengt i august og september, det vil derfor lønne seg å planlegge innkjøpa av materiell som du treng etter ferien.

 

 

Tykk

Varenr.

Bruksområde

Rl.str.

         

Skumplast We 30-01

1 cm

8603001

 

5x2m

Skumplast We 30-02

2 cm

8603002

Gul.

5x2m

Skumplast We 30-05

5 cm

8603005

Madrasser (normal bruk),

5x2m

Skumplast We 30-08

8 cm

8603008

seter (lett bruk) og sofarygger.

5x2m

Skumplast We 30-10

10 cm

8603010

 

5x2m

         

Skumplast We 35-08

8 cm

8603508

Rosa.

5x2m

Skumplast We 35-10

10 cm

8603510

Madrasser, båtseter,

5x2m

Skumplast We 35-12

12 cm

8603512

sofaseter etc.

5x2m

         

Skumplast Wef 39-05

5 cm

8603905

Grå.

2x1,2m

Skumplast Wef 39-08

8 cm

8603908

Fast kvalitet.

2x1,2m

Skumplast Wef 39-10

10 cm

8603910

Madrasser, sofaseter etc.

2x1,2m


NB! Blir solgt kun i dei oppgjevne storleikane. 

Min. en rull pr. levering           

Frå hausten av, vurderer vi også å ta inn skråryggar til lager.

 

Stiftepistolar

Ein av våre tidlegare storselgarar, JK 21 gjekk ut av produksjon for ca 5 år sidan. No er det heller ikkje muleg å få tak i reservedelar til denne.

Om du treng å bytte ut din gamle, har vi fleire ulike modellar på lager, be gjerne om tilbod!

 

Sunbrella

Vi minner om at vi er forhandlar av Sunbrella, kvalitetstekstilar med spesielt gode eigenskapar til utandørsbruk!  

Inne/ute – gardin og pute

 

Oppdatering i possement katalogen

oppdatert_liste_2011522.jpg

Prisjustering på possement

Generell prisstigning på possement på ca. 4%. Pris påsying av fane og på produksjon av spesial possement har blitt endra, kontakt kundeservice for meir info.

Aprima - Nytt Mars 2012

Månadens tilbod: 

Våren er komen i større eller mindre grad langs norskekysten, og då vil båteigarane på sjøen, og uterestaurantane slår opp parasollane sine. Derfor gir vi våre kundar ”vårslepp”-tilbod på Niroxx Marina og Duox, som er spesielt utvikla til bruk i båt og utandørs.

I kolleksjonen Niroxx Marina varenr. 2175 finn du våre spesialstoff for båtmarknaden. Der er 6 fargar av Niroxx Marina, og 3 fargar Duox. Begge har høg lysektheit og vannfast og antibakteriell bakside.

 

 Månadens tilbod:

Niroxx Marina og Duoxx       - 15% rabatt

Tilbodet gjeld for ordrar mottekne seinast  30. April.

 Niroxx Marina-kolleksjon varenr 2175.

Minner også om vår nye Sunbrella-kolleksjon varenr 561.

 

Partivarer

Vi har fått inn eit parti pyntespiker 1507 messing (Ø 14 mm) varenr 8109970 som vi kan tillby til sterkt redusert pris, – 50% rabatt.

Tilbodet gjeld så langt lageret rekk.

 

Aprimakatalogen 2012

Dersom du ikkje har fått denne tilsendt, be om å få den med neste gong du bestiller varer frå oss.

 

Vi har stengt for påskeferie, f.o.m. 4.april t.o.m. 9.april

Vi har også stengt mandag 30.april og fredag 18.mai.

 

Med helsing

 Elling O. Rem

Aprima Nytt - Januar 2011

fotomlogo.jpg

Vi ynskjer alle våre kundar eit godt nytt år!

Nytt:

Vi er forhandlar av SUNBRELLA kvalitetstekstilar med unike eigenskapar!

*Falmebestandig *Både til puter og gardiner *Vannavvisande *Pustande *Motstandsdyktig mot jordslag *Flekksikker *Lettstelt

 Kolleksjonen inneheld artikklar som Solides and Stripes, Velum, Sling, Natte, Linen, Dupione, Flagship, Kyoto, Deauville og Jacquards.

Sunbrella kolleksjonen er i salg!

Ta kontakt med kundeservice eller din selgar for prøvemateriell.

Prisar 2011

Vi har fått signal frå våre leverandørar om prisauke frå nyttår. Våre prisar på dei fleste varer vil derfor verte justerte pr. 1.januar 2011. Kontakt kundeservice om du har spørsmål.

Ny Aprimakatalog er beregna å vere ferdig første kvartal 2011.

Faktura på e-post

Gi beskjed om du ønskjer å få fakturaen din på e-post, så ordnar vi det.

Vi sender også ordrebekreftingane på e-post til dei som har oppgitt e-postadressa si til oss.

Elling O. Rem

Aprima-Nytt - April 2011

highlandstolweb797.jpg

Ullfjord

Vi presenterer kvalitetane Blazer og Varese i vår nye Ullfjord-kolleksjon.

Dette er to flotte ullstoff i gode, moderne fargar til rimelege prisar.

Blazer er 100% ull, vekt 602 gr. pr. løpemeter, breidde 140 cm.

Varese er 65% ull/15% alpakkaull/20% polyacryl, vekt 580 gr. pr. løpemeter.

Begge har høg Martindale, Blazer 50.000 og Varese >100.000, begge kjem i 140 cms breidde.

Introduksjonspris: 15% rabatt på Blazer og Varese, gjeldande til 1. juli.

Ullfjord-kolleksjonen, varenr. 2016.

Nye prisar: Aprimakatalogen er litt forseinka, men vi har ei enkel prisliste på møbelstoff for 2011. Om du ikkje har fått den, kan vi sende den til deg på e-post eller i brev.

Ferie og fritid : Vi har påskeferie f.o.m. 20. t.o.m. 25. april, og vi har stengt 16. mai og 3. juni. Ferieavvikling med redusert bemanning i juli/august, og vi held stengt veke 29 og 30.

 

 

Aprima Nytt - Mai 2008

JUBILEUMS TILBOD:

I juni gir vi 20% rabatt på Ultraxx.       

Ultraxx er eit kreppvevd stoff i 100% polyester, med vannavvisande og urinfast bakside, sopp- og bakteriedrepande finish – noko som gjer den eineståande til bruk i båt og på utemøblar, samt i helsesektoren. Høg lysektheit, 7 i alle fargar, og høg slitestyrke, MD 100.000. Ultraxx er vaskbart ved 60ºC.

Ultraxx –  -20% rabatt

Ultraxx kolleksjon varenr 2154 – desse gir vi no 50% rabatt på!

Sjå alle fargane i Ultraxx i menyen Møbelstoff - Aprima stoff - Ultraxx

Tilbodet gjeld 1.-30.juni 2008

 

 

 

Ambla: Fargeutvalet i Ambla blir no fornya, dei nye fargekarta vil vere ferdige før ferien. Nye kvalitetar er Munro og York Weave. 

Nytt fargekart vert snart oppdatert på vår heimeside. 

Utgåande fargar er:

Tinto: Marsh Green. Bowland: Calder, Wenning, Whitwell      

Polka og Jive: Alle fargar. Exmoor:  Bridgetown, Dunster               

Berkshire: Barkham, Eastbury, Pangbourne, Ruscombe, Weston, Wickham, Windsor, Woodley.

 

Vi gir 25% rabatt på utfasa fargar, så langt lageret rekk.

 

 

Produktinfo:

Equinox og Oxygene

Vi vil gjere merksam på at desse kvalitetane er produsert på ein heilt spesiell måte: Komposisjon er 64/69% lin og første­klasses egyptisk bomull. Stoffa er farga og etterbehandla slik at dei får ein ”utvaska” effekt, dette gjer at det kan vere fargeforskjel innan ein rull, og vaskestriper i stoffet. Vi presiserer at dette er karakteren til stoffet, og ingen feil! Slitestyrken er Martindale >25.000 (hard bruk).

Equinox har på kort tid vorte ein bestselgar over heile Europa. Medan Equinox er mønstra, er Oxygene eins­farga/uni av samme kvalitet.

Equinox/Oxygene I koll. varenr 6106

Oxygene/Equinox II koll. varenr 6127 NB: Denne har berre nye fargar.

Spesialpris for dei som har Equenox/Oxygen I koll.

Pakketilbod varenr 6106 og 6127, spesialpris for begge bøkene.

 Sprø kundeservice om pris.

 

Ferieavvikling  

 

Vi har feriestengt i vekene 29 og 30. Det blir redusert bemanning i veke 28 og 31. OBS: Ferieavvikling hos  leverandørane våre kan påverke leveringstidene. 

Niroxx Marina

Vi har no fått inn igjen til lager den populære fargen Niroxx 99.013 grå. Vi har også farge 99.019 brun, 99.022 raud og 99.025 blå på lager. Desse har ekstra høg lysektheit (7), og er supre til bruk i båt og på utemøblar.

Aprima-Nytt  vil gå over til å verte sendt ut pr. e-post. Det er derfor viktig at du opplyser oss om e-post adressa di.

Har du ikkje høve til å ta imot e-post, kan vi fortsatt sende deg brev, men vi må då ha spesielt beskjed om dette.

Utpakning i Stavanger

Vi minner om utpakning i veke 24 i Stavanger.

 Vi vil vere på Rica Forum Hotell i Stavanger, onsdag 11. og torsdag 12. juni, og håper at så mange som mulig av kundane i området vil besøke oss der.

Ta kontakt med kundeservice for avtale.

 

 

 

 

 

 

Med helsing

SCANAPRIMA

Elling O. Rem

Dagleg leiar


 

 

 

 


 

 

 

 

 

 

Aprima Nytt - Desember 2010

kollasje230.jpg

Opningstider i Desember

Vi har stengt frå og med 23.desember, til og med 2.januar.

Vi vil takke for samarbeidet i år, og ønsker alle våre kundar ei god og fredeleg Jul.

Nostalgi

Vi har fått laga ein ny kolleksjon med gobelengar og stilstoff. Dette er ein kolleksjon med åtte ulike stoff.

Nostalgi kolleksjon varenr 2114. Tilbudspris.

Prisar 2011

Vi har fått signal frå våre leverandørar om prisauke frå nyttår. Våre prisar på dei fleste varer vil derfor verte justerte pr. 1.januar 2011.

Kontakt kundeservice om du har spørsmål.

Ny Aprimakatalog er beregna å vere ferdig første kvartal 2011.

Alle vi i ynskjer GOD JUL!

Elling O. Rem

Sommarferien 2010

Ferien nærmar seg og vi vil minne om følgande: Vi held stengt i veke 29 og 30.

Det er færre folk hos oss i vekene før og etter, noko som kan medføre litt redusert servicenivå. Minner også om at mange av våre leverandørar held ferien sin i August, det lønner seg difor å bestille tekstilar, hud etc. i god tid.

 God sommar til alle våre kundar.

Forhånd.12345Neste

 

 

Scan Aprima,

Strandgata 21,

6150  Ørsta

telefon
: 70048400
telefax : 70048440
send e-post

sunblilla.jpg
logo248.jpg