2014.jpg

 

Niroxx Classic

classic_2_528x125.jpg

Med Niroxx Classic får du ei mjuk, varm og heimlig atmosfære. Utsjånaden, i lag med dei praktiske funksjonane Niroxx har, gjer den spesielt egna i helsevesenet. Med den velprøvde kvaliteten i tillegg til stor fargeskala blir den i aukande grad brukt i skular, hotell og kantiner.

Dette er eit microfiberstoff med vannavvisande bakside, sopp- og bekteriedrepande finish, som gjer at Niroxx er heilt unikt til bruk i sjukehus og helsesektoren. Høg slitestyrke, MD 70.000, og flott utsjånad gjer den veleigna til hotell, kino og andre offentilege miljø.

NB! Fargane kan skille frå monitor til monitor.
Be kundeservice om fargekart!

 

Fakta - Niroxx Microfiber (alcantaralook) med ekstra høg lysektheit og brannkrav. 28 fargar - Vaskbar - Lysekte 5-7 (1-8) - Brannkrav: crib 5 - Vann og urintett - Breidde 140 cm. - 70 000 MD

leftmenu_005.jpg

Vedlikehald

- dagleg reingjering - desinfisering.

Niroxx er ein microfiber tekstil der den daglige reingjering lettast vert utført med støvsugar. Flekkar fjernast lett med Nirocleaner.

Niroxx er eit produkt som i framstillingsprosessen er tilsatt antibakterielle materialer (Sanitized) og antismuss behandla (Teflon). Dette gjer produktet lite mottakeleg for bakteriepåvirkning, og flekkar har vanskeleg for å feste seg. Niroxx er vaskbart på 60 grader C (finvask og drypptørking).

Dersom stolen /trekket ikkje er avtakbart kan ein likevel vaske stoffet. Dette gjerast med våt klut og store nok mengder vatn for å oppnå det ønska resultat. Med si vasstette bakside blir der ingen inntrekking av vatn (eller urin) i/til stoppinga av stolen/møbelet. Til flekkfjerning og reingjering er det utvikla eit produkt, Nirocleaner, som med fordel kan brukas. Alternativet er mildt såpevatn. Dersom Niroxx er sterkt tilsmussa kan det med fordel brukast ein mjuk børste i vaskeprosessen for å trenge inn til smusset. Den mjuke børsten kan også brukast etter tørking dersom luven har blitt samantrykt i vakseprosessen.

Skulle desinfisering vere nødvendig etter vask, anbefalast/brukast Virkon i den nødvendige oppløysinga. Etter desinfisering vaskast produktet med reint vatn.

 

 

Scan Aprima,

Strandgata 21,

6150  Ørsta

telefon
: 70048400
telefax : 70048440
send e-post

sunblilla.jpg
logo248.jpg